Referat årsmøte Tysnes Båthamn 09.03.2014
Tid: 18.00
Stad: Tysnes Kraftlaget adm. bygg
Det var 13 medlemmer som møtte.
Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste.
Ingen merknader til innkalling og saksliste.
Sak 2: Val av møteleiar
Leiar: Lars Enes valt til møteleiar
Sak 3: Val av skrivar.
Skrivar: Kenneth Fagerbakk valt til å skriva møtereferat.
Sak 4: Val av to til å skrive under møtereferatet.
Svein Søreide og Malvin Hagen valt til å skrive under referatet.
Sak 5: Årsmelding, og orientering om status
Lars leste opp årsmeldinga. Det kom ein merknad til denne: Medlemstalet er oppgitt i årsmeldinga til 91. Me har i tillegg 5 støttemedlemmer, difor korrekt medlemstall blir 96.
Lars orienterte om status frametter.
-Ferdigstilling vei og parkeringsplass
-Lys på bryggene
-Offisiell opningsfest av hamna 14.06.2014
Sak 6: Rekneskap 2013
Olav orienterte om rekneskapen for 2013. Denne vart ikkje godkjent av årsmøtet. Det kom fylgjande merknader til rekneskapen:
-For og ikkje få minus i driftsregnskapet for 2013 hadde Olav flytta 23000,- kr i rekneskapen frå eigenkapital til driftsinntekter. Dette vart kommentert frå årsmøtet. Merknaden gjekk på at det ikkje gav eit korrekt bilde av den økonomiske drifta i båthamna.
– Det vart og kommentert frå årsmøtet at laget har god økonomi, og at ein heller burde fokusere på budsjettet 2014..
Styret får fullmakt til å hente profesjonell hjelp til ferdigstilling av rekneskapen 2013 forut for omframt årsmøte. Rekneskapen vert så lagt fram for godkjenning på omframt årsmøte.
Sak 7: Budsjett 2014
Årsmøte godkjente budsjettet 2014 etter framlegg frå styret.
Sak 8: Vedtekter endring § 6.(årsmøtet innan utgangen av mars)
Dette vart godkjent av årsmøtet. Lars orienterte i tillegg om prosessen vedr. registrering i Br.reg. Slik det ligg føre i vedtektene i dag må me registrere oss som SA (samvirkelag). Ved tilpassing av vedtektene kan me registrere oss som foreining, for så å søkje medlemskap i KNBF. Olav orienterte og om fordelar/ulemper om å søkje medlemskap i KNBF. Årsmøtet gav styret fullmakt til å jobbe vidare med dette arbeidet.
Sak 9: Innkomne framlegg.
Ingen innkomne framlegg som årsmøtet skulle handsame
Sak 10: Val av styret
Valnemnda representert ved Arne Leite orienterte om arbeidet sitt. Det var to styremedlemmer på val.
Styremedlemar:
Knut Ove Gjersvik Vald for 2 år.
Helge Hope vald for 2 år.
Arild Pettersen 1 vara vald for 1 år
Per Ove Gjøvåg 2 vara vald for 1 år
Revisor.
Atle Teigland vald for 1 år
Vegard Aslaksen vald for 1 år
Sak 11: Val av leiar.
Lars Enes (leiar) stilte sin plass til disposisjon. Ingen andre forslag, og Lars vart velt til leiar eit år til.
Sak 12: Val av valnemnd
God tradisjon tru så trer utgåande styremedlemmer inn i valnemnda, dvs valnemnda for 2014 består av Atle Teigland og Bjørn Lande.
Møte heva om lag 19.20.