Referat Årsmøte Tysnes Båthamn 13.03.15
Tid: 19.00
Stad: Tysnes Kraftlag adm. Bygning
Sak 1: Godkjenning av innkalling og sakliste
Godkjend
Sak 2: Val av møteleiar
Knut Ove Gjersvik valgt til møteleiar
Sak 3: Val av skrivar
Kenneth Fagerbakk valgt til skrivar
Sak 4: To til å skrive under møtereferatet
Lars Petter Epland og Arne Leite valgt til å skrive under referatet
Sak 5: Årsmelding:
Knut Ove leste gjennom årsmeldinga. Årsmøte hadde følgande kommentarar til årsmelding/driftesåret 2015;
-Ein uteriggar hadde løsna
-Medlemmane ville ha meir info kring fordelar med å vera medlem i KNBF. Dette har blitt sendt på mail ved tidlegare høve, så styret føler det er ivaretatt.
-Årsmøtet sakna og medlemsblad kring medlemskap i KNBF tilsendt, hels på mail.
Sak 6: Rekneskap.
Bjarte Erstad gjekk gjennom rekneskapen for 2015, godkjent med små merknader.
– Leigeavtalen med Arild Gjerstad er ikkje tinglyst. Årsmøte ber styret om å tinglysa avtalen
Sak 7: Årlig leige/medlemskontigent
Ingen merknader frå årsmøtet. I 2017 skal leigeavtalen med Arild Gjerstad reforhandlast etter gjeldande vedtak. Denne skal styret ha klar, og kunna presenterast for årsmøtet 2017.
Sak 8: Havnetoalett
Knut Ove Gjersvik orienterte om styrets samarbeid med Arild Gjerstad ang etablering av toalett. Han presenterte og budsjett tal for kostnadsramma kring dette. Det vart da skissert ei løysing der det blir delt på kostnadene med etablering av septiktank/renseanlegg og at Arild Gjerstad tar heile kostnaden med etablering av rom for toalett og innredning. TBH betaler så årlig husleige for dette rommet. Årsmøtet var litt uenig i om dette var nyttig, men etter votering så var det vedtatt, med 1 stemme imot, at styret skal arbeide vidare for å få etablert publikums WC i saman med Arild Gjerstad.
Årsmøtet kom og med forslag om at me på sikt gjerne kunne inngå samarbeidsavtale med lag og organisasjonar om å dele på kostnadane kring leige og drift at toalettet.
Sak 9: Budsjett for 2016.
Bjarte Erstad orienterte, og årsmøtet godkjente budsjettet for 2016
Sak 10: Innkomne forslag
Kaiansvarlig: Styret foreslo og oppnenvne ein kaiansvarlig. Kenneth Fagerbakk vart foreslått av styret, og årsmøtet stilte seg bak det forslaget.
Asfalt: Det var kome forslag om å få asfaltert parkeringsplassen. I følge grunneigar så har han masse tungt anleggsarbeid igjen rundt parkeringsplassen, og ein eventuell asfalt vil fort bli ødelagt av gravemaskinar mm. I og med at me leiger dette arealet, så blir det vanskelig å overkjøre grunneigar her. Styret vil heller purre grunneigar litt på å betre vedlikeholdet av vei og parkeringsplass.
Eigarforhold kring båtplassen: Frå sist årsmøte kom det opp diskusjon kring eigarforholdet av båtplassen. Knut Ove Gjersvik orienterte om styrets arbeid og konklusjon her, sitat:
Havneanlegget er eit sameige og medlemene har betalt for bruksrett til en båtplass. Denne bruksretten kan seljast eller lånast/leigast bort, med begrensninger som gitt i vedtektene. Vedlikehald blir utført som «fellesarbeide» og betalt av dei midlane som styret disponerer og som er innbetalt av medlemene via havneavgift. Kvar medlem er kun ansvarlig for vedlikehald av eigne fendrer. Kvar medlem kan bli gjort ansvarlig for skade på kaianlegget ved påkjørsel ol. Styret er usikker på om verdien av bruksretten skal oppgis som formue ved innsending av sjølvmelding, men det er grunn til å tru at bruksretten må meldast inn som formue da den er omsettbar og dermed sammenlignbar med kontanter/bankinnskot/aksjer. Bruksretten kan eventuelt pantsetjast på samme måte som ein leigekontrakt kan bli det. Den som blir gitt pant må da få innsyn i begrensninger mht. salg av bruksretten. Verdien av bruksretten er i utgangspunktet kjøpesum + årlig konsumprisindeksregulering. Verdien er imidlertid markedsavhengig da ein kan risikera at prisen kan bli lavare ved liten etterspørsel
Sak 11: Val av styre
Lars Petter Epland orienterte om valnemdas arbeid. Han presenterte og følgande styre for 2016, som årsmøte vedtok:
-Knut Ove Gjersvik, 2 år
-Lars Enes, 1 år
-Kenneth Fagerbakk, 1 år
-Bjarte Erstad, 1 år
-Per Ove Gjøvåg, 2 år
-Edvard Tysnes, 1. vara, valgt for 1 år
-Olav Skjervheim, 2. vara, valgt for 1 år
Sak 12: Val av leiar.
Knut Ove Gjersvik valgt til leiar for 1 år
Sak 13: Val av revisor
Valnemda hadde ikkje valgt revisor. Innan kort tid skal valnemda ha forslag til revisor presentert for styre.
Sak 14: Val av valnemd.
Valnemda tok attval og består i 2016 av Lars Petter Epland og Arild Pettersen
Møte heva 20.25
-referent