Referat Årsmøte Tysnes Båthamn 05.04.19
Tid: 19.00 Stad: Tysnes Kraftlag adm. bygning
Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste.
-Ingen merknader
Sak 2: Godkjenning av dei frammøtte medlemmene
-Ingen merknader
Sak 3: Valg av møteleiar og referent
-Knut Ove valgt til møteleiar, og Kenneth valgt til referent
Sak 4: Årsmelding
-Knut Ove gjekk gjennom årsmeldinga. Årsmøtet hadde ingen kommentarer til årsmeldinga
Sak 5: Revidert rekneskap
-Lars gjekk gjennom rekneskapen.
-Olav Andersen kommenterte varelager. Har styret fakturert alt som er seld til medlemmer? Styret bekrefta at dette skulle sjekkast opp i. Har me vore for slepphendte med rekninger på årlig leige? Burde me fange opp manglande betaling før? Lars forklarte årsmøte kva me i styret har gjort her. Me purrer dei som ikkje har gjort opp for seg, totalt ca 50000,- i frå 2017 og 50000,- i frå 2018. Dette har pr no høg prioritet i styret. Olav stilte og spørsmål om det Langballe skuldar båthavna er avgjort? Det kunne styret bekrefte at var i prosess no.
-Frå dags dato av så vil kasserarjobben i Tysnes Båthamn bli delt mellom ein styrerepresentant og Berit Gjersvik. Berit Gjersvik har sagt seg villig til å bidra med å følgja med bankkontoen og «kryssa av» etter kvart som medlemmene har betalt og så senda purringer når innbetalinger mangler. Styret er glad for å ha Berit med på laget her. Det vil bli vurdert om me skal kjøpe rekneskapstenester for 2019, og vidare år. Jobben med og føre rekneskapen har vist seg å vera stor, så styret vil vurdere om dette er «kjøpstenester» i framtida.
-Edvard kommenterte om opparbeidd parkeringsplass er ein del av vårt rekneskap, då me ikkje eiger veg og parkeringsplass.
Elles ingen kommentarer
Sak 6: Budsjett
-Knut Ove gjekk gjennom budsjett. Me har eit litt flytande år foran oss med tanke på toalettet, og løysingar kring dette. Me er og usikre på om me lyt kjøpe rekneskapstenester i året som kjem. -Olav etterlyste om me har betalt i toalettanlegget, eller ikkje? Styret sjekker ut dette. -Årsmøtet vart enig om at toalettbesøk ville kosta 20,- pr besøk. -Årsmøtet vart og enig om at me auker havneavgifta med kroner 100,- pr år som dekkar eventuelle utgifter knytta til toalett og kjøp av rekneskaptjenester. Dette vart avgjort med stemming, 6 for og 4 mot.
Sak 7: Fastsetting av medlemskontigent
Årsmøte held medlemskontigenten uendra, men aukar havneavgifta med kroner 100,-
Sak 10: Innkomne forslag:
– Låssystem for publikums-WC/dusj som blir klart til sommaren. Me lyt sjå på ulike løysingar. App på telefon f.eks. Magnar nevner på at det finst økonomiske støtteordninger som styret bør leite etter. Edvard tok på seg delansvar her, med å undersøkje kring alternativer som finst.
-Behov for dugnad. Kenneth orienterte om spyleplaner. Olav meiner pontonger på bryggene er fellesansvar, mens utriggarane er eigd av båtplasseigar, og då må reingjerast av kvar «båtplasseigar»
-Behov for utviding av anlegg. Knut Ove orienterte om at ila ein fem års periode er det naturlig å sjå på behovet for utviding. Olav meiner me bør gå på potensielle medlemmer, slik at dei blir med på finansieringa slik dei første medlemmane gjorde i starten av båthamna sin historie. Petter meiner utviding er bra mtp at bygda blir større, og at det vil bli fleire som skal få tilgang til båtplass. Han nevnte og på at Uggdal båtlag nett har utvida, og at gjerne styret/komite for utviding av vårt anlegg bør snakke med dei. Olav stilte spørmål kring det eksisterande anlegget som er betalt. Korleis skal evetnuelt nye medlemmer inplenterast i eksisterande anlegg mtp betaling som allereie er gjort?
Magnar meldte seg som deltakar i ein slik komite, og styret ser på fleire kanditater blant medlemmene ved neste styremøte.
10 Val
Lars Petter orienterte på vegne av han og Arild Pettersen. Nytt styret blir som følger:
Knut Ove- styrerep i 1 år, som leiar i 1 år (på valg i 2020)
Lars- styrerep i 2 år (på valg i 2021)
Kenneth – styrerep i 2 år (på valg i 2021)
Magnar – styrerep i 2 år (på valg i 2021)
Edvard – styrerep i 1 år (på valg i 2020)
Varamedlemmer
Vara Olav Petter Skjervheim, 1. varameldem (på valg i 2020)
Vara Bjørn Inge Leithe, 2. varamedlem (på valg i 2020)
Revisor
Atle Teigland (på valg i 2020)
Vegard Aslaksen (på valg i 2020)
Valnemnd:
Bjarte Erstad 1 år (på valg i 2020)
Lars Petter Epland 1 år (på valg i 2020)
Møte heva 20.20