Årsmelding Tysnes Båthamn for 2022
Tysnes Båthamn har sidan førre årsmøte i.2022 hatt 2 styremøter. I tillegg har fortløpnade avklaringar blitt gjort via e-post .
Styret har sidan førre årsmøte vore samansett slik:
Magnar Solheim – leiar, Lars Enes – kasserar, Kenneth Fagerbakk – skrivar, Atle Teigland – styremedlem,
Knut Ove Gjersvik – styremedlem, Olav Skjervheim – 1.varamedlem, Bjørn Inge Leite – 2. varamedlem
Revisor: Bjarte Erstad Vararevisor: Vegard Aslaksen
Valnemd: Lars Petter Epland og Bjarte Erstad
Hamneansvarlig: Kenneth Fagerbakk
Pr. 31.12.2022 hadde Tysnes Båthamn venteliste på 28 personar for båtplass.
Sesongen 2022 er Tysnes Båthamn sitt 10. driftsår og det har ikkje vore nødvendig med større utlegg til vedlikehald o.l. har kjøpt inn 2 nye straumsøyler samt nytt kamera som skal dekke meir av hamna.
Det må gjerast nokre tiltak for å betre bildekvalitet slik at ein ved behov kan gå tilbake og sjå «tydeleg» eventuell uønska aktivitet.
Kaianlegget er forsikra Norske Sjø/Fender Marine.
Arbeid med reguleringsendring:
Styret har starta prosess med utviding av båthamna og det blir her vist til eigen orientering som blir distribuert som del av årsmøtepapira. Som første steg synes det nødvendig å søkja om endring av reguleringsplan. Det er naturlig at utviding skal skje etappevis, men ein tek i sikte på få endra reguleringsplanen slik at det blir ca. 50 ekstra båtplassar med tilhøyrande parkeringsareal for biler. Dette er truleg også det maksimale ein kan få plass til i anlegget da eit større anlegg vil bli meir værutsatt for nord/nordvest vind. Begge grunneigarane er positive til utviding av anlegget.
Planarbeidet er no inne i siste runde.
Det skal varslast oppstart av planendring og denne blir innsendt vår 2023
Ein håpar på at ytre etatar ikkje har store merknader til tiltaket og at ein kan få realisert planendringa haust 2023.
TBH disponerer ei bod for oppbevaring av fendrar og anna utstyr.
TBH er medlem av Kongelig Norsk Båtforening
Tysnes 10.04.2023
Styret for Tysnes Båthamn
Magnar Solheim