Vedtekter

VEDTEKTER FOR TYSNES BÅTHAMN

Endra i omframt årsmøte 22. nov. 2018.

§ 1 Namn.

Laget sitt namn er Tysnes Båthamn med forretningsadresse Tysnes. Organisasjonsform er foreining/lag. TBH er tilslutta Kongelig Norsk Båtforbund. Laget er registrert i Einingsregisteret og har organisasjonsnummer 911 941 791.

§ 2 Føremål.

Laget sitt føremål er å fremja det individuelle og samla båtlivs interesser på vegne av medlemene og ålmenta ved:

1. Etablering og drift av småbåthamn i Tysnesbygda.

2. Vurdera utviding av hamneanlegget ved behov for fleire båtplassar.

3. Samarbeida med både private organisasjonar og offentlege myndigheiter for å fremja båtfolkets interesser.

4. Etablering av offentleg badestrand med publikumstoalett i hamneområdet.

5. Leggja til rette for at hamneområdet kan bli brukt av bygdefolk og andre ved markeringar som jonsokafta mm. og at kaianlegget kan bli brukt ved offentlege arrangement i bygda.

6. Laget sitt føremål er ikkje-økonomisk, skal ikkje driva næringsverksemd og eventuelle overskot skal avsetjast til framtidig oppfylling av laget sitt føremål.

§ 3 Medlemskap.

Medlemer i TBH er dei som har meldt seg inn, har betalt medlemskontingent og som ikkje er ekskludert etter §14 i vedtektene. Medlemmene vert sett på liste for disposisjonsrett til båtplass med ansiennitet etter tidspunkt for innmelding og betalt medlemskontingent.

Medlemskontingenten følgjer kalenderåret. Medlemer med disposisjonsrett til fleire plasser har eit medlemsskap

§ 4 Styret.

Laget skal leiast av eit styre som består av styreleiar og fire styremedlemmer. Det skal i tillegg veljast to varamedlemmer. Styremedlemmer skal veljast av Årsmøtet for to år om gongen, men slik at ein har kontinuitet i styret. Styreleiar og varamedlemmer vert vald av årsmøte for eit år om gongen.

Styret konstituerer seg sjølve med nestleiar, kasserar, skrivar og eit styremedlem.

Alle styremøte leiast av styreleiar. Styret er vedtaksfør når minst tre medlemmer er til stades. I tilfelle stemmelikskap skal leiar si dobbelstemme være avgjerande.

§ 5 Styrets oppgåver.

Styret har den daglege leiinga av Tysnes Båthamn, og ivareteke båtlaget sine interesser.

Styremøte skal haldast når leiar eller to styremedlemmer finn det naudsynt.

Styret kallar inn til årsmøte, medlemsmøte, dugnader og andre arrangement.

Styret kan oppnevna kortsiktige arbeidsutval og komitear til spesielle føremål.

§ 6 Årsmøtet.

Lagets høgste myndigheit er Årsmøtet. Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av april.

Styret kallar inn til årsmøte med minst to vekers varsel.

I innkallinga skal det framkome kva saker som skal handsamast. Vidare skal årsmelding med revidert årsrekneskap vedleggjast innkallinga, eller seinast bli sendt ut 5 dagar før årsmøtet, saman med innkomne forslag og annan relevant informasjon om saker som skal handsamast i Årsmøtet.

Forslag til årsmøtet skal vera styret i hende innan ei veke før årsmøte vert halde.

Årsmøtet skal handsame:

1. Godkjenning av innkalling.

2. Godkjenning av dei frammøtte medlemene.

3. Val av møteleiar og referent.

4. Styrets årsmelding.

5. Revidert rekneskap.

6. Budsjett.

7. Fastsetjing av medlemskontingent og andre satsar.

8. Eventuelle endringar i Vedtekter.

9. Eventuelle endringar i Hamnereglementet.

10. Innkomne forslag.

11. Val av leiar.

12. Val av styremedlemmer og to varamedlemmer og revisor med vara.

13. Valnemnd.

Årsmøtet er vedtaksfør når innkallinga er godkjent av dei frammøtte medlemmene. Årsmøtets vedtak vert fatta med simpelt fleirtal blant dei røysteføre medlemmene, med mindre anna er bestemt i vedtektene. I tilfelle stemmelikskap skal møteleiars dobbeltstemme være avgjerande.

Ved stemmelikskap under val av styremedlemmer/varamedlemmer, blir valet avgjort ved loddtrekning.

Til vedtektsendringar krevst det 2/3 fleirtal av de frammøtte medlemmer.

Medlemer vert røysteføre 2 månader etter registrert innbetaling av medlemskontingent.

§ 7 Ekstraordinært årsmøte.

Styret kan, når dei finn det naudsynt, innkalla til ekstraordinært årsmøte med minst ei vekes varsel. I innkallinga skal det gå fram kva saker som skal handsamast. Styret har plikt til å innkalla til ekstraordinært årsmøte når dette vert kravd av minst 1/3 av medlemmene i laget.

§ 8 Medlemskontingent og felleskostnader.

Medlemmane skal betala ein årleg kontingent. For dei som har fått tildelt bruksrett til båtplass kjem i tillegg del av felleskostnader for utgifter til drift og vedlikehald.

§ 9 Hamnereglement.

Årsmøtet vedtar Hamnereglementet som alle medlemene pliktar å retta seg etter.

Hamnereglementet omhandlar plikter og rettar og gir retningslinjer om bruksrett til båtplass.

§ 10 Antall båtplassar pr. medlem.

Eit medlem kan ikkje ha bruksrett til meir enn to båtplassar i anlegget. Dersom eit medlem arvar bruksrett til ein båtplass, plikter medlemmen å avhende bruksretten til plassen(e), slik at vedkommande berre sit igjen med totalt to plassar. Medlemmen kan sjølv velje kva plass vedkommande skal sitja igjen med.

§ 11 Fastsetting av prioritet dersom det er fleire som ønskjer same plass.

Dersom fleire medlemmer ønskjer bruksrett til same båtplass, eller medlemmer ønskjer å bytta plass i anlegget, gjelder følgjande prinsipp:

· Den som har lengst ansiennitet ha prioritet.

· Ansiennitet vert fastsett ut frå dato for fyrste innbetaling av medlemskontingent

Prioriteringsliste skal utarbeidast og oppdaterast av styret.

§ 12 Dugnadsordning.

Kvart medlem kan påleggjast å arbeide dugnad. Styret vert gjeve fullmakt til å fastsetje kor mykje dugnad kvart medlem kan påleggjast i året. Ved fråvær av pålagd dugnad, vert det kravd en timesats som vert fastsett av årsmøtet. For medlemmer med fleire båtplassar i anlegget, gjelder dugnadsinnsatsen pr. båtplass.

§ 13 Eksklusjon.

Ved brot på laget sine Vedtekter og/eller Hamnereglement skal leiar, eller den som styret utpeiker, påtala tilhøvet til gjeldande medlem med rimeleg frist til å bringe saka i orden.

Dersom saka likevel ikkje vert ordna, skal tilhøvet bringast fram for styret. Styret skal etter handsaming eventuelt koma med ein siste frist for å bringe tilhøvet i orden.

Dersom denne fristen ikkje vert halden, vert fartyet fjerna/sett på land for eigars rekning og risiko, og plassen tilbys første på venteliste.

Alle som blir medlem i Tysnes Båthamn godtek desse vedtektene, og kan ikkje halde Tysnes Båthamn økonomisk ansvarleg dersom laget iverkset tiltak etter denne paragraf.

§ 14 Oppløysning.

Oppløysning av Tysnes Båthamn kan berre vedtakast på ordinært årsmøtet med minst 3/4 fleirtal. Minst 3/4 av lagets medlemmer må være til stades eller ha gitt skriftlig votum til avviklingsstyret.

Ved oppløysing skal det veljast eit avviklingsstyre etter vedtektene sine bestemmelser om styre. Avviklingsstyret vil ha ansvar for at laget si drift opphøyrer og praktisk avvikling av laget. Vedtektene sine øvrige bestemmelser gjeld også under avviklinga.

Laget sine eigneluter og rettar skal overførast til, eller delast mellom eit eller fleire lokale lag med same eller liknande allmennyttig føremål. Om det ikkje finns slike lag, skal det takast kontakt med lokale offentlige myndigheiter for å sikra at verdiane kjem almenta til nytte.

Laget sine eigneluter og retter kan ikkje i noko tilfelle tilfalla eller utdelast til enkeltpersonar, foretak/selskap, kommune, fylke aller anna offentlig ledd.